Samtale i Katedralen

Når hovudpersonen ser den fargelause Avenida Tacna i sentrum av Lima, spør han «På kva tidspunkt gjekk Peru til helvete?»(«¿En qué momento se había jodido el Perú?»)
Santiago Zavala, hovudpersonen, byrjar å studere ved San Marcos mot ønskje til familien. Biletet viser det kulturelle senteret ved San Marcos-universitetet, der Santiago studerer

Samtale i Katedralen, original tittel Conversación en La Catedral, (1969) er den tredje romanen av den peruanske forfattaren og nobelprisvinnaren i litteratur, Mario Vargas Llosa, og anerkjent som eit av dei store verka hans.

Hendingane i romanen går føre seg i Peru i tida under diktaturet til general Manuel A. Odría, og handlar om livet til karakterar frå ulike sosiale lag.[1] Den ambisiøse forteljinga er bygd rundt historiene til Santiago Zavala og Ambrosio høvesvis. Førstnemnte er son av ein minister, den andre er sjåføren hans.[2] Eit tilfeldig møte på ein heim for eigarlause hundar, fører til ein opprivande samtale som held fram på ein nærliggjande bar kjent som «Katedralen».[3] Gjennom møtet søkjer Zavala etter sanninga om faren si rolle i mordet på ein vidkjent peruansk figur frå underverda, og undervegs kastar romanen ljos på kva som hender i eit diktatur.

Hovudpersonen, Santiago Zavala, er ein student ved San Marcos-universitetet i Lima, og er medlem av aktivistgruppa Cahuide ved universitetet som var i opposisjon til diktaturet. Santiago er basert på Vargas Llosa sine eigne livserfaringar frå dei første åra ved San Marcos der han òg var medlem av Cahuide. I romanen syner hovudpersonen Santiago Zavala eit pessimistisk syn på det peruanske samfunnet på 1950-talet, samstundes som han famnar om det å vere middelmåtig. Meir generelt er romanen ei undersøking av dei djupe røtene til korrupsjon og svikt i peruansk politikk, og i regjeringa på 1950-talet.

  1. Kristal 1998, s. 56
  2. Kristal 1998, s. 61
  3. Castro-Klarén 1990, s. 80

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search